• Fri frakt over 1.000,-
  • RASK LEVERING FRA NORGE
  • Fri retur på alle støvler
Gjendeguiden
Ambassadører

Gjendeguiden


GJENDEGUIDEN har kontor i Vågå, men arbeidsplassen er heile Jotunheimen.


Kanskje er vi ikkje så ulik reinen, som vandrar rundt i fjellheimen og gjer sitt beste for å henge med gjennom sesongskifta som Norges flottaste høgfjellsområde byr på! Gjendeguiden har vegledere med brei kompetanse og lang erfaring frå arbeid med folk og grupper i høgfjellet. Med utdanning og bakgrunn frå Norges Idrettshøgskole, Forsvaret, Norsk Luftambulanse og Røde Kors, byr våre faste vegledere på seg sjølve for at du skal få ei trygg, spennande og innhaldsrik turoppleving. I høgfjellet arbeidar GJENDEGUIDEN alltid med gode marginar med tanke på kursdeltakarane sin tryggleik! Og vår eiga!

Dagleg leiar i Gjendeguiden er Ørjan Venås Oppvaksen i høgfjellsnære Seljord er telemarkingen Ørjan langt over middels interessert i alt som er kvitt og kaldt, og har kjørt på telemarkski sidan han var en stubbe stor. Ørjan bur i Vågå med familien, og har brei erfaring frå vinterfriluftsliv og snøskred frå 20 år i Forsvaret. Han har vore instruktør på skredkursa til Forsvarets Vinterskole, og undervist rundt om i ulike avdelingar i Forsvaret og i sivile firma. I tillegg har han skredobservatørkurs i regi av NVE, arrangert mange skredkurs og foredrag om snøskred, og har vore høgt og lågt i Røde Kors sidan tidlig nittitalet. Ørjan er tidligere leiar av Skredgruppa Innlandet i Røde Kors, og fortsatt i aktiv beredskap.

Leirskulelærar og Gjendeguide Knut Erik Tessnes. Knut-Erik er leirskulelærar på Jotunfjell leirskole oppunder Galdhøpiggen, og aktiv medeigar i Gjendeguiden. I mange år hadde han spesialbutikken Besseggen Fjellsport i Vågå. Som leirskolelærer og vegleder i friluftsliv i over 25 år har Knut-Erik lang erfaring med føring og kurs av grupper i høgfjellet, både i Jotunheimen og andre fjellområder. Han er ein ski- og fjellentusiast som trivest aller best når han får vise andre kva gledar og kvaliteter Jotunheimen har å by på. Knut-Erik er også ein av 12 som fekk plass på NORTIND si fyrste skiguideutdanning i Norge, med oppstart i 2019.


Følg Gjendedguiden


https://www.crispi.no/pub_docs/files/Gjendeguiden/g3.png
https://www.crispi.no/pub_docs/files/Gjendeguiden/g1.png
https://www.crispi.no/pub_docs/files/Gjendeguiden/g2.png
https://www.crispi.no/pub_docs/files/Gjendeguiden/g4.png